Marker Normisjon
- I kjærlighet til Jesus og vår neste være et levende og inkluderende fellesskap

Mannakorn fra Bibelen

De som sår med gråt, skal høste med frydesrop.

Sal 126,5-6

JULEHELSING FRÅ BOLIVIA

"Det handlar om at folk sjølv får sjans til å løfte seg ut av ekstrem fattigdom."

Turen går over høgsletta Altiplano før ein smal, steinete veg tek oss med oppover åssida. Det kan minne om Høg-Jæren; her veks det stein, og utsikten bakover er mot ein blå og roleg Titicacasjø. Steingardar rundt grøne jordflekker.

Me er på veg inn i Andesfjella, mot ein fantastisk dal med eit høgdespenn på sikkert 3 – 4 000 meter: Combaya. Volontørane er for fyrste gong med ut av La Paz for å få sjå på prosjektet i Combaya. I det me passerer toppen, åpner det seg eit fantastisk syn, dalen er utruleg vakker. Snø på toppane opp til høgre, langt, langt ned rett fram og steile, grøne fjell til venstre. Her har dei slitt for kvart grasstrå eller kvar potet som har vore dyrka i tusenvis av år.

- Nå kan dei ha 3 avlingar i året, før var det kun ei, seier Gerardo og peiker stolt nedover dalsida på det nye vatningsanlegget dei har laga.
- Planen er produksjon for sal i La Paz.
- Kan dei drikke dette vatnet?
- Nei, i grunnen ikkje, men alle i dalen har fått tilgang til drikkevatn.

Turen går vidare, innom ny helsestasjon, med besøk klasser som er glade for nye klasserom på skulenog til sjølve Combaya. Sandra tek i mot oss. - Her lager me eit drivhus for å dyrke blomar. Alle desse psykisk handikappa skal arbeide her, seier ho og presenterer arbeidsstaben for oss. - I denne kulturen pleier dei leve innelåst i eit rom, det er ei skam og straff å få eit psykisk utviklingshemma barn. Ho fortsett: - Her i Combaya seier dei at det var Gud som kom til dalen når Misjonsalliansen kom. Kvifor skulle dei elles kome til oss? Det handlar om at folk sjølv får sjans til å løfte seg ut av ekstrem fattigdom.

Me som er utsendingar i Bolivia takker alle som er med på å sloss mot fattigdommen og å fremme Guds rike. Me ynskjer alle ei god jul.

Arild og Marit Vik, Dagfrid Bråtane og Stig Lemvik, Elise og Sverre Mangrud, Lina og Ben Tore Beisland.

<< Tilbake
Kommende samlinger

Vis hele programmet >>